ytingvåg
ligg
rundt ein liten våg, mange av husa er fremdeles bebudde heile året, men som
mange andre små utkantsbygder er det nok mest liv og røre i
bygda om sommaren. Dei som busette seg i Tytingvåg hadde nok som hoved
næring fiske men dei hadde og husdyr på dei små gardane.
Eit tips, ta sykkelen med ferga og sykl rundt på øya, til Krabbestigen på
sørsida og Husevåg på nordsida, her er nesten ingen biltrafikk og du får
sett mykje av ei fin øy.
Tytingvåg er nemt i 1602, det var då 2 bruk i bygda, sansynleg var
dette husmannsplasser, seinare vart desse 2 bruka delt i fleire små. Av
gardsnavn kan nemnast Lakseneset, Nordbø, Gåsholmen, Bakke, Nordvik,
Sørvik, Strand, Langenes, Myra, Slettevoll og Synnes.
Tytingvåg skule
Fram
til 1890 åra var det omgangs-skule i Tytingvåg. På 1890 talet vart det
kjøpt ei gammal røykstove frå gloppen som vart nytta til skulehus heilt fram til 1926, då stod det nye skulehuset
ferdig.
Tytingvåg skule vart nedlagd.....?.
(kan nokon hjelpe meg med årstallet)
Mot Tytingvåg og Måløy ifrå Bremanger
LEITEGUTEN
|