valheim
kan sporas langt tilbake
i tid og er nevnt i kjelder så tidlig som på 1300 talet og vart då kalla Hvalheim eller
Hvalheimum. Sansynelegheten for at det budde folk på Kvalheim i eldre
Jernalder er stor.
På 1500 talet var garden delt i 3 bruk, Indre Kvalheim, Myre og Ytre Kvalheim på
disse gardene vart husa plassert i klynger mens jordlappane låg rundt i små teiger noko som var
vanlig på den tid. Brukarene på disse bruka hadde etternavn som Hwalem, Hwalengen,
Hwalwigenn, Qualem, Qualim og Myrre. Fiske og jordbruk var viktigste leveveien som i dei
fleste andre bygdene ved kysten, men på grunn av dårlege havneforhold med ei
havn som stort sett
bare kunne nyttas i godvær hadde Kvalheimarane buer i Torskangerpollen der dei budde
mens fisket pågjekk. Nokre av disse budene står fremdeles der.
Nokre av navna på dei gamle frådelte gardane : Markja, Solheim, Neristova, Martinstova,
Haugen, Hagen, Utanihaugen, Nyhagen, Myrstad, og Sørebø.
På folkemunne vart det brukt navn som Raudehola, Samsofolkje, Melkehauen, Sørnfolkje,
Ellingfolkje, Kråkenesfolkje, Smibakkjen, Oksane, Elva, Trolbefolkje,
Kristenfolkje, Leite, Teien, Koven, Krokjen, Bondehaugen, Myra, Sjenehaugen, Flåtane, Nærstova og Hajen.
Videre var det felles navn som Hauen,
Garden og Myrane, disse vart brukt som ut, inn, opp eller ned med alt
ettersom kor man budde.
|