* Håper du liker mine "uhøvla" sider. Skriv gjerne
ein kommentar i gjesteboka.
Kan og vere behjelpelig
om du trenger eit av bilda i betre oppløysing
(kvalitet).
Alle bilder som ikkje er
merka med bildeeigar
tilhører underteikna.
Mvh
Ragnar Myre Tlf 91868954
Vest for Kvalheim ligg dette kjente landemerket eit frittliggande
fuglefjelle som heiter Einevarden.
Einevarden Naturreservat vart oppretta for å beskytte fuglelivet i
området og går fra Skateneset i nord til Sletteskarneset i sør. Her finn
man det største fuglefjellområdet i Sogn og Fjordane og det nest
største i Sør Norge.
ç
Einevarden
Einevarden sett frå aust på bildet til
venstre , i midten ser vi fuglefjellet frå sør og på bildet til høgre ser
vi klippen frå nord.
Det er mest Alke og Lomvi som hekker på den ca. 69 meter høge Einevarden.
I gamle dager klatra ungdommane og dei vaksne opp på Einevarden for å
sanke egg dette vart vist gjort med tresko på beina. Har man gått med
båt rundt Einevarden ser man at dette ikkje kunne ha vert noko lett
klatretur.
Fuglefjell i Klovningen
Skateneset, Mehuken, Tjuvardalen, Kvalheimshornet, Einevardsdalen, Nobba og
Einevarden
I disse områda bruker det å vere godt med fisk
På Nobba ser man rett ned på Einevarden
ifrå ca 200 m over havet, det føles litt skummelt så det er nok best å
ligge å "kike" ut over det høge stupet.
Slik ser toppen av Einevarden ut
I gamal tid brukte man vardebrenning ( eit bål på ein fjell topp ) for å varsle
om fiendar. Dei fleste av desse fjella har då fått navnet vete eller varde.
Einevarden har eit slikt navn men det er nok lite sansyneleg den har blitt brukt
til slik varsling. Det kan hende Einevarden vart brukt som ein varde for
fiskarane i området fordi den var lett å kjenne att med si spesielle form
når man skulle ta meder eller finne rett veg tilbake til land ?.