Siste Nytt 4

Copyright © All Rights Reserved

27.02.15

Bil hamna på taket på ulykkeutsatt plass

Fredag litt før kl 12 var ein personbil uheldig og havna på taket der fylkesvegen går gjennom eit gardstun på Kvalheim. Det vart då full utrykkning med 2 ambulanser, politi og brannvesen, i tillegg kom det og eit Sea-king helikopter. Den eine personen satt litt fastklemt i bilen, men vart hjelpt ut av ambulansepersonell og brannvesenet. Begge dei 2 som var i bilen vart sende til legesjekk.

 

Der ulykka skjedde går Fylkesvegen gjennom eit gardstun med ei låvebru som går heilt ut i vegen. Det ser ut som eine hjulet på bilen har havna på låvebrua og så har bilen tippa rundt og havna på taket heilt inn til husveggen. Dette er ikkje fyrste gongen det skjer ei sånn ulykke på denne plassen, og dei som bur der har nok opplevd litt av kvart på denne innsnerviga av fylkesvegen som går gjennom tunet deira berre 1 m frå husveggen.

 

 

Har du tips, mail, send sms, eller kontakt

meg på telefon om arangemang, nyhende osv.

          

mvh

Ragnar Myre

www.vivest.no rmyre@vivest.no tlf: 91 86 89 54