Januar

Copyright © All Rights Reserved

JANUAR

Januar er årets fyrste månad og er oppkalt etter den romerske guden Janus. Janus er ifrå gamalt av vakter av husets inngangsdør og var gud for all begynnelse.

I den norønne kalenderen vart perioden ifrå 14/12-12/1 kala Mørsugr og

13/1-11/2 blei kala Torre (som betyr barfrost).

Eit anna namn som og blei brukt på januar var "Glugmånad".

PRIMSTAV

vinterside 14.oktober - 13.april

Primstav vinterside

 

1. Januar: Nyttårsdag . "Åttande dag Jul"

 

Primstavteikn:

Timeglass, solhjul eller ei kyrkje.

 

Til minne om:

Felles messedag for alle helgenar som ikkje hadde fått

nokon spesiell messedag.

 

Merkedag for veret:

Nyttårsdag klår, gjer eit godt år. Var det mykje vind denne dagen ville det bli eit blåsete år.

Var det noko som gjekk gale denne dagen ville det meste gå galt dette året.

 

Gamle skikkar og overtru:

Dette var også ein av dei farlege dagane i året.

 

Nyttårsdag, timeglass

 

6.Januar, Trettendedag jul

 

Primstavteikn:

Tre kroner, tre kors eller tre menn.

 

Til minne om:

Dagen blei også kaldt Hellige tre kongers dag, til minne om dei tre

kongane(vise menn) som kom ifrå Østerland til Betlehem.

Dagen som også blei kalla Gamle Juledag var i gammal tid like viktig som sjølve Juledagen mange planar, man åt julemat og drakk skåler for eit godt år.

 

Merkedag for veret:

Slik været var denne dagen ville det bli i 13 veker, og no begynte den kaldaste delen av vinteren.

 

Gamle skikkar og overtru:

Trettande dagen var den farlegaste dagen i året for då trudde folk at ein farleg vette som hadde tretten klør var ute.

Trettendedagen, tre kroner

7. Januar Eldbjørgdagen

 

Primstavteikn:

Lite kors, Klokke eller svøpe

 

Til minne om:

Dagen er til minne om hertug Knut som blei drepen 7.januar 1131.

 

Merkedag for veret:

Slik veret er om føremiddagen skal det bli i Mars og slik det er

om ettermiddagen blir det i April.

 

Gamle skikkar og overtru:

Denne dagen drakk man St.Eldbjørgs minne skål.

 

 

Eldbjørgdagen, kors

11.januar Brettemesse

 

Primstavteikn:

Ei øks eller ein hest.

 

Til minne om:

Dagen er til minne om norskfødde Brictiva som blei henretta med øks.

 

 

 

Gamle skikkar og overtru:

Ting kunne lett gå i stykker på denne dag, hesten måtte stå på stallen elles kunne den brekke beinet.

 

Brettemesse, øks

12.Januar, Midtvinterdag

 

Primstavteikn:

Snø eller prikkar.

 

Til minne om:

Dagen er midt mellom fyrste vinterdag 14. oktober og

fyrste sommardag 14. april.

 

Merkedag for veret:

Vinteren er halvgått, men den kaldaste delen er att.

 

Gamle skikkar og overtru:

Bjørnen strekker seg i hiet, dagen er og ein av dei farlege.

Midtvinter, snø

 

13.Januar, Tjuandedag jul.

 

Primstavteikn:

Omsnudd Drikkehorn, bjelle eller øks.

 

Til minne om:

I dag er det Knut, då kjøyres jula ut eller Tjuandedag Knut

ringer jula ut.

 

Merkedag for veret:

Snør det i dag blir det minst 20 snøfall før sommardag.

 

 

Gamle skikkar og overtru:

Idag skulle det ikkje spinnast for då kunne dyra komme til å gå rund og rundt til dei strauk med.

 

Tjuandedag jul, klokke

17.Januar, Antonsmesse

 

Primstavteikn:

Kors eller Gris.

 

Til minne om:

Eremitten St. Antonius frå Egypt (251- 356) som blei freista

og angrepet av djevelen i ørkenen. Han blei skytshelgen for

husdyra, spesielt grisen.

 

Merkedag for veret:

Er det tett med stjerner på himmelen vil det snart komme snø.

Sprett det glør fram frå ovnen blir det snart snø.

 

 

Gamle skikkar og overtru:

Dagen var ein av dei uheldige så man måtte vere forsiktig

 

Antonsmesse. kors

20.Januar. Brødremesse

 

Primstavteikn:

Bispelue, Øks eller to piler i kors

 

Til minne om:

Helgenane Fabian og Sebastian som blei drepne med øks og piler.

Fabian var pave (236-250) og blei halshogd, Sebastian var livvakt

og vart drepen for si kristne tru med piler.

 

Merkedag for veret:

Dagen blei også kalla Stamnbrørmesse på Vestlandet, då kunne dei som skulle på fiske slå seg ilag.

 

 

Brødremesse,

25.Januar, Pålsmesse.

 

Primstavteikn:

Båge, sverd eller ein fisk.

 

Til minne om:

Apostelen Paulus omvending etter at han leia steininga av

martyren Stephanus i åre 35/36.

 

Gamle værteikn:

Om det var fint veir denne dagen blei det eit fint år. Uveir på Pålsmesse spådde krig pest og alle slags ulykker .

Midtvinters var no forbi.

 

Gamal overtru:

Man måtte ikkje starte med større arbeid i dag for det ville misslykkast.

Pålsmesse, båge

Primstav

Januar

Primstaven i januarember

Januar Februar

Mars April

Mai Juni

Juli August

September Oktober

November Desember

Spådom for veiret

 

6.januar-11.januar spår

Dagene seks etter juledagene faller, dem er det man som oftest for merkedagene kaller.

Hver av de seks har to måneder i seg, legg merke til alle og tro du meg.

Den første dags formiddag, tro meg nå, merker Glugmåned, kom det ihu.

Ettermiddagen blir som Blidmåned vil. Likedan går det med de andre dagene,

som nå er fem tilbake.......... .

Vinter

Jotneguden "Frost" regjerer og har god hjelp av sin sønn "Snø" og hans fire barn

"Torre" (betyr barfrost), "Fonn" (betyr snø fonn)

"Driva" (betyr snødrev) og "Mjoll" (betyr fint snøfokk) .

Andre Merkedager i Januar

 

8. januar: Kjerringjuldagen

10. januar: ST.Povelsdag

14. januar: Byrgrarokka

19. januar: ST.Henrik

21. januar: Agnesmesse

22. januar: ST.Vincents dag

23. januar: Torredag

24. januar: Timotheusdagen

 

 

 

 

Primstaven var tidlegare århunddrers form for kalender og tidsrekning. Den var fram til år 1700 ein juliansk kalender med skårne merker for kyrkjelege festdagar som var knytta til den katolske kyrkjas helgener. Etter reformasjonen i 1536 datt mange av helgendagane vekk og blei erstatta med teikn og symbol for dei ulike årstidene og det som skulle gjerast.

Primstaven har ei vinterside 14. oktober til 13. april og og ei sommarside 14. april til 13. oktober. Det var utskore primstavsteikn for viktige messe og helligdagar desse var og symbol for spåing av veret og ymse slags overtru, dette førte til at primstaven hadde forskjellig utforming rundt om i landet.

 

Kilder tekst:

Sverre Østen: Hva dagene vet.

Per Holck: Merkedagar og gamle skikkar.

Har du tips, mail, send sms, eller kontakt

meg på telefon om arangemang, nyhende osv.

          

mvh

Ragnar Myre

www.vivest.no rmyre@vivest.no tlf: 91 86 89 54