Gamlevegen

Copyright © All Rights Reserved

GAMLEVEGEN TIL KVALHEIM

 Før vegen kom til Kvalheim

 

Garden Kvalheim er fyrste gong nemnd i Bjørgvins Kalfskinn rundt 1300. Det var vanskeleg å komme til og frå bygda ,særleg i dårleg vær. Når større ting skulle fraktast måtte det skje sjøvegen og den var ubrukeleg i vind over bris, og bårer høgre enn ein halv meter p.g.a. den vanskelege landingsplassen. Til lands brukte dei stien gjennom Reinurda, langs Refvikvatnet inn til Hagen og vidare til Raudeberg. Verst var det i gravferder då rodde dei Kvalheimsvika, rundt Hesten , inn Vågsfjorden og vidare nord Ulvesundet til kyrkja på Røysa.

Planlegging av vegen

 

Då Selje kommune , som Kvalheim  då haure til i 1870 løyvde 352 spesidalar til veg for Kvalheim, vart gleda stor hos bygdefolket. Kaptein Gregersen stakk ut vegen og kostnadsrekna den til 1408 spesidalar, av den summen måtte Kvalheimarane ta på seg 423 spesidalar.

 

Vegarbeidet tar til

 

Frå Hagen til bøgarden på indre Kvalheim vart vegen ferdig i 1880 og kosta 7874,51 kr. Av dette betalte Selje kommune kr.1813,- og fylket kr. 1575.-Neste svingen «indre Kvalheimssvingen « vart bygd av gardbrukarane på indre Kvalheim m/Mikal Fritun som bas, midtre svingen «Myresvingen» vart bygd av dei på Myre m/Annanias Myre som bas ,»Refviksvingen « vart bygd av gardbrukarane på Ytre Kvalheim m/Per Kvalheim som bas. Kvalheimarane var ikkje berre med og bygde gamlevegen , dei hadde også plikt på seg til å vedlikehalde den. Kvar gard hadde sitt stykke å gruse. Grusholene der det vart henta grus ser man enno langs vegen. Også kvinnene kunne vere med på dette arbeidet. Kvalheimarane var også med på å opne vegen om vinteren når den fauk igjen , denne dugnaden helt på heilt fram til 60-talet.

 

Ny tid for Kvalheim

 

Storutskiftinga på Kvalheim var i 1890 , då flytta dei ut frå gardstuna inn med Haugen og ute på Smibakken, og husa på gardane kom der dei ligg no. Bøndene gjekk no over frå frå slede til vognbruk. Vegstykket ut gjennom Kvalheimsbygda var det eldste i Vågsøy. Etter at Kvalheim fekk veg til Raudeberg, vaks talet på hestar i bygda raskt til 25. Hest og vogn vart vanleg , seinare også skyss kjerre . Men delar av Kvalheimsvegen var vanskeleg framkommeleg i teleløysinga , då kunne kjerre hjula søkje i heilt til akslingen.

 

Bilen kjem til Kvalheim

 

Etter at skoravegen vart ferdig i 1923 vart det brukt bil også ut til Kvalheim, men siste stykke før man kom opp på høgda var vanskeleg for bilferdsel. Det var Brunsvik ,Loftnes og Sørland som hadde bil. Kvalheimssvingane som vi ser dei i dag vart bygde i 1932.Sørland starta rute til Kvalheim først med lastebil så med overbygd kasse og seinare med buss.

Henrik Myhre overtok denne ruta i 1936 med ein liten lastebil, seinare fekk han ein større lastebil rett før krigen. Han overtok mjølketransporten som Kvalheimarane sjølve hadde tatt seg av med hest og kjerre. I slutten av 40-åra gjekk Henrik over til buss.

 

 

 

Den fyrste vegvaktaren

 

Annanias Myre var den fyrste vegvaktaren på Kvalheimsvegen, han fekk denne stillinga før krigen. Han gjorde ein stor innsats på vegen ,han fekk steinsett hjulspora og etter kvart gjort vegen brukbar til biltrafikk. Til brøyting vart det fyrst brukt treplog med 2 lastebiler bak plogen, seinare kom jernplog og sterkare biler.

Men større bussar og lastebiler kravde betre veg etter Reinurda var stigninga for stor og svingane for knappe på gamlevegen så i 1965 vart ein ny veg lenger oppe i fjellsida tatt i bruk.

 

Gamlevegen som turveg

 

Etter fleire år med igjen groing og ut vasking av gamle Kvalheimsvegen sette eldsjelene Ole Mathisen, Jan Madsen, Gunnar Myhre og Eldor Eriksen i gong dugnadsarbeid på den 2400 meter lange vegen. Plana var å få vegen i stand slik at han kunne bli brukt til tur og trim veg. Med kronerulling og dugnadsinnsats frå folk i bygdene Raudeberg, Vedvik, Refvik og Kvalheim var vegenn klar til å bli opna på nytt, men no som trim og rekreasjonsløype.

Nyåpning av vegen

 

Den høgtidlege nyåpninga fant sted Søndag 26.April 1998 og ein av Kvalheims eldste Martin Hagen fekk det ærefulle oppdrag å åpne vegen med fersk melk ifrå Kvalheim, for vegen var no oprinneleg bygd for å frakte melk til Måløy. Etter opninga var det berre å ta fatt på trimturen for dei ca. 200 personane som var møtt fram.

118 år etter at dei fyrste hestekjerrene sleit seg opp dei knappe svingane og 33 år etter at den siste bilen snirkla seg forbi dei store kampesteinane langs gamlevegen ser atter folk seg nytte i å bruke og ta vare på eit flott gammalt kulturminne som denne vei stubben er.

 

2006

Gamlevegen har fått ny grus og det har blitt opprusting av grøfter og elvefar i 2006, etter at store deler av vegen blei rasert av flom. Det har og blitt fjerna greiner og kratt som har vokst inn i vegen.

 

 

Dugnadsgjengen som rusta opp gamlevegen i 2006

 

 

 

 

Har du tips, mail, send sms, eller kontakt meg

på telefon om arangemang, nyhende osv.

          

mvh

Ragnar Myre

rmyre@vivest.no tlf: 91 86 89 54

www.vivest.no