Hella

Copyright © All Rights Reserved

HELLA DEN GAMLE LANDINGSPLASSEN

 

Så lenge det har budt folk på Kvalheim har nok Hella blitt nytta til å ta på land og sjøsette mindre båter heilt fram til Jølet vart bygd.

Heile fjøra rundt Hella var full av små sjøbud/naust der bruket vart oppbevart, på det meste sto det omlag 30 slike hus rundt Hella.

Når karane kom frå havet vart båten tatt opp med bakskuten fyrst fordi framskuten tok best av for havbåra dette var sjølvsakt ein fordel at framskuten vart fyrst når båten skulle på havet att.

Før båten kunne dragast på land måtte den tømmast for fisk og redskap, i godt veir vart dette gjort ved hellekanten , men var sjøen grov måtte alt hankast inn på vidjer. Det hende og ofte at det ikkje var mulig å få båtane på land, då måtte dei ro til Torskangerpollen der Kvalheimarane hadde sjøbuder og så var det å gå over Stalbrekka heim att.

 

Dei største båtane som vart brukte var fyringar (åttring) som hadde 4 årepar. Den vart mest nytta til vinterfiske etter torsk som vart salta og tørka på berga rundt Hella. Klippfisken vart frakta til Bergen med jekter, på Kvalheim var det 3 slike. Ytre og Indre Kvalheim hadde sine jekter ståande i Storbåtjølet, Myre si jekte var plassert ca 200 m aust for Hella ved Indrebega. Andre båtar som vart nytta var seksæring (3 årepar og færing (2 årepar)

Laksefiske var og ein viktig resurs, dette fiske vart gjort med kilenøter. Det vart sett opp ishus i bygda der isblokker som dei skar ut om vinteren vart lagra, denne isen vart så nytta til å ise ned laksen som vart sendt til Bergen og England.

 

 

 

Før 1900 vart Hella brukt som naturen hadde forma henne. I 1904 bygde hamnevesenet eit 25 m langt båtopptrekk og ein støypt vernemur. I 1914 måtte hamnevesenet til att etter at ein storm øydela båtopptrekket og tok med seg fleire naust og båtar, muren mot vest vart då støypt høgre og båtopptrekket vart gjort lengre.

Det vart sagt at Hella var den verste av landingsplassane man kjende til her i landet,bare på Færøyane kjende man til tilsvarande plassar.

Tross veirhart og stor akrobatikk for å komme i land og på havet kjenner man til bare ei dødsulykke på Hella, det var i 1861 at ein mann vart tatt av ein brotsjø.

På slutten av 1940 talet vart Storbåtjølet bygd som landingsplass for båter og ei ny tid begynte for Kvalheimarane då den vart tatt i bruk

 

Kilde: Peder M. Kvalheim

Har du tips, mail, send sms, eller kontakt meg

på telefon om arangemang, nyhende osv.

          

mvh

Ragnar Myre

rmyre@vivest.no tlf: 91 86 89 54

www.vivest.no