Copyright © All Rights Reserved
April har sitt namn etter det latinske ordet aperire som betyr å åpne (åpning på våren).
I Noreg blei April kaldt Fåremånad (med hennblikk på sauelambinga), andre namn var Gressmånad, Vårmånad, Såmånad og Sipemånad.
I den nonrønne kalenderen vart perioden ifrå 14/03-12/04 kaldt Kvina og
perioden 13/04-13/05 blei kaldt for Harpa .
PRIMSTAV
Vinterside 14. oktober- 13. april
Sommarside 14.april - 13.Oktober
04.April, Ambrosiusmesse
Primstavteikn:
Båt, havre.
Til minne om:
Til minne om Ambrosius, kyrkje lærar ogerkebiskop av Milano-397)
Merkedag for veret:
Har ikkje vinteren gjett opp før skal den gje opp på Ambrosiusdag
Gamle skikkar og overtru:
14.April, Sommardag
Primstavteikn:
Tred med løv
Til minne om:
Primstavens sommarside begynte no.
Merkedag for veret:
Fryser vatnet sommerdag får vi uår. Snødde det kunne man vente snø 9 dager til. Er det varmt blir det ein varm vår. Så tett som snøen faller i dag, så tett vil klegg og fluer fly i sommervarmen.
Gamle skikkar og overtru:
Gangdagene, prest og menighet gjekk runt på markene og bad bønner for god avling og jorda vart stenket med vievatn.
I dag måtte man ikkje arbeide med noko som gjekk runt for då ville ku og sau svirre runt uten å kunne beite skikkeleg.
16.April, Magnusmesse
Primstavteikn:
Grev,hakke, pil.
Til minne om:
Til minne om Magnus Orknøyjarl som levde eit kristent liv og blei drept i år 1115 .Magnus katedralen i Kirkwall er reist til hans minne.
Merkedag for veret:
Synnavind varsler vårflom.
Gamle skikkar og overtru:
Vestavind varsla godt fiske etter sild i fjordane.
23.April, St. Jørgensdag
Primstavteikn:
Fugle reir, kors, hest
Til minne om:
Dagen er til minne om St. Georg som på begynnelsen av 300 talet
blei drept under keiser Diokletians kristenforfølgelser,
men blei vekt til live igjenn.
Merkedag for veret:
Kommer St. Jørgensdag ein fredag blei det mykje torden det året.
Gamle skikkar og overtru:
No skulle alle fuglane ha egg i reiret sitt.
25.April, Markus messe(Store Gangdag)
Primstavteikn:
Fjøyr, fugl eller blad på kvist.
Til minne om:
Messedag for evangelisten Markus som skreiv 2. evangelium og
leid martyrdøden i Alexandria.
Merkedag for veret:
Gamle skikkar og overtru:
Prest og menighet gjekk i prosesjon runt dyrka mark for å sikre god avling.
Denne dagen brukte man å ete egg.
Primstav
April
Spesielle dager i April:
"På dagene 2., 4., 12., 20. og 22. april er kvinner ømme og kjærlege og dagane egner seg godt til bryllaup"
"Torden i april ga fruktbart og godt år og aprilsnø var fattigmans gjødsel"
"14 april starta primstavens sommarside"
Primstaven var tidlegare århunddrers form for kalender og tidsrekning. Den var fram til år 1700 ein juliansk kalender med skårne merker for kyrkjelege festdagar som var knytta til den katolske kyrkjas helgener. Etter reformasjonen i 1536 datt mange av helgendagane vekk og blei erstatta med teikn og symbol for dei ulike årstidene og det som skulle gjerast.
Primstaven har ei vinterside 14. oktober til 13. april og og ei sommarside 14. april til 13. oktober. Det var utskore primstavsteikn for viktige messe og helligdagar desse var og symbol for spåing av veret og ymse slags overtru, dette førte til at primstaven hadde forskjellig utforming rundt om i landet.
Kilder tekst:
Sverre Østen: Hva dagene vet.
Per Holck: Merkedagar og gamle skikkar
Har du tips, mail, send sms, eller kontakt
meg på telefon om arangemang, nyhende osv.
mvh
Ragnar Myre
www.vivest.no rmyre@vivest.no tlf: 91 86 89 54