Tilbakeblikk på folk og hendelser fram til 1930

Copyright © All Rights Reserved

Tilbakeblikk På Folk og Hendingar på Kvalheim

Fram til ca 1930

Prospektkort frå Kvalheim

På byrjinga av 1900 talet var det 28 gardsbruk med skyld på Kvalheim. Av desse var det 12 på Ytre Kvalheim, 7 på Myre og 10 på Indre Kvalheim. På den tid hadde alle både melkekyr, sauer, gris, høns nokre hadde og geit og rev og sjølvsagt ein hest.

Prospektkort frå Kvalheim

Eldste kjelda som nemner garden Kvalheim eller Hvalheimar, Hvalheimum som det og vart skreve, er Bjørgvins Kalfskinn som var ei jordbok over det jordgods som på 1300 talet låg til Bjørgvin Bispedøme.

Ishuset med Smibakken på Ytre Kvalheim
Nils og Anne

I 1520 vart det gjort skilnad på indre og ytre Quallem eller Hwalem. Det var Olaff Hwalem, Siwurdt Hwalwiggen og Velem Hwalengenn som betalte skatt. Seinare i 1563 hadde både ytre og indre Kvalheim 3 skatteytarar då var og Myrre nemd med 2 skatteytarar. Etter kvart vart fleire av gardsbruka delte mellom syskjen og etterkommarar.

Bergestaden
Kristenfolket, Myrstad og Leite

 

Utanom gardsdrifta som kvinnene og barna som oftast måtte ta seg av var fiske ein viktig intektskjelde. Hela på Kvalheim var staden dei hadde båtar og bruk. Hella var lite egna når vinterstormane sette inn, difor hadde Kvalheimarane sjøbuder i Torskangerpollen der dei budde og rodde fiske fra store deler av vinteren.

Landingsplassen hella på Kvalheim
Rodde fiske

 

Før 1900 vart Hella brukt som naturen hadde forma henne. I 1904 bygde hamnevesenet eit 25 m langt båtopptrekk og ein støypt vernemur. I 1914 måtte hamnevesenet til att etter at ein storm øydela båtopptrekket og tok med seg fleire naust og båtar, muren mot vest vart då støypt høgre og båtopptrekket vart gjort lengre.

Det vart sagt at Hella var den verste av landingsplassane man kjende til her i landet,bare på Færøyane kjende man til tilsvarande plassar.

Tross veirhart og stor akrobatikk for å komme i land og på havet kjenner man til bare ei dødsulykke på Hella, det var i 1861 at ein mann vart tatt av ein brotsjø.

Meir om Hella her.....

 

 

Bruk nr 8 på indre Kvalheim
Olina I Flotane
Gamle Kvalheim skule vart bygd i 1911
Frå den tida det var omgangsskule på Kvalheim

Gamle Kvalheim skule stod ferdig i 1911 og lærer på skulen var då Severin Ramnefjell, han var i bygda i 18 år. Etter han var det Gustav Teige som var lærer frå 1921 og heilt fram til 1966. Før skulen vart bygd var det omgangsskule i bygda, det vil seie at skulen helt til i dei private heimane.

 

På 1900 talet var det 51 skuleborn på Kvalheim. Fram til 1894 var det Ole Nilsen Kvalheim som var lærer på omgangsskulen, han var lærar frå 1854.

Han var også klokkar ved Røysakyrkja frå 1864. Han gjekk av som lærar i 1894.

Muligens ungdomslaget på Kvalheim?
Ragna Myre født Kvalheim

Kvalheim Ungdomslag vart skipa i 1920 og vart innmeldt i Firda Ungdomslag i 1921. Fyrste formann var lærer Anders Røberg. Laget har blantanna kosta opphald på helseheim for ein tæresjuk lagsmann og kjøpt ljoskroner til Nord Vågsøy Kyrkje

Anders med Trolbefolket
Isak i Bondehauen
Alette med Ellingfolket og Karoline med Kristenfolket
Ulrik i oksane

 

 

Har du tips, mail, send sms, eller kontakt

meg på telefon om arangemang, nyhende osv.

          

mvh

Ragnar Myre

www.vivest.no rmyre@vivest.no tlf: 91 86 89 54

Tilbakeblikk

Side I

Landingsplassen Hella
Paul Olson (Myre) og Malene Jakobsdatter Våge
Leite på Myre
Hella på Kvalheim
Hans på teien, Ragna i Flåtane, Kristine på Smibakken
Det vart sagt at Hella var ein av dei farlegaste landingsplssane langs kysten
Bernt Myre
Hanna Myre