November

Copyright © All Rights Reserved

NOVEMBER

NOVEMBER har sitt navn etter tallet ni (novem på latin).

Her i Noreg blei november kalla for vintermånad.

I den nonrønne kalenderen vart perioden ifrå 14/10-13/11 kaldt Gormånad og

perioden 14/11-13/12 blei kaldt for Ylir .

PRIMSTAV

vinterside 14.oktober - 13.april

Primstav vinterside

 

01. November : Helgemesse, Alle helgens dag

Primstavteikn:

Båt, kors.

 

Til minne om:

Felles messedag for alle helgenar som ikkje hadde fått nokon spesiell messedag.

 

Merkedag for veret:

Regna det denne dagen ville det vare i sju veker.

 

Gamle skikkar og overtru:

Fant man husdyr i fjellet etter denne dagen skulle man ha finnarlønn.

 

 

02. November : Alle Sjelers Dag

Primstavteikn:

Menneske figur

 

Til minne om:

Katolsk messedag for alle sjeler som framdeles befant seg i sjærsilden.

 

Gamle skikkar og overtru:

Man skulle ikkje slå dørene hardt igjen for å unngå at ei sjel skulle komme i klemme

11. November : Mortensmesse, Mortens dag

Primstavteikn:

Gås, bispestav eller eit beger.

 

Til minne om:

Hellige Martin av Tours (316-397)som gjømde seg i ein gåseflokk for ikkje å bli valt til biskop, han blei avslørt av gjessene.

 

 

Gamle skikkar og overtru:

Denne dagen skulle man ete godt og syte for at dei fattige og fekk rikeleg mat.

 

20. November : Halmneipa, Halmviskedagen

Primstavteikn:

Høygaffel.

 

Til minne om:

Kong Edmund som vart tatt til fange av vikinger og skutt med piler til han såg ut som ein sil.

 

 

Gamle skikkar og overtru:

Denne dagen flytta jentene over i fjøsen for å ligge der om natta heile vinteren.

 

21. November : Marioffer, Jomfru Maria

Primstavteikn:

Glorie eller hode med krone.

 

Til minne om:

Då jomfru Maria blei framstilt i tempelet som barn.

 

 

Gamle skikkar og overtru:

Denne dagen skulle ungdommen få strømpebånd.

Har du tips, mail, send sms, eller kontakt

meg på telefon om arangemang, nyhende osv.

          

mvh

Ragnar Myre

www.vivest.no rmyre@vivest.no tlf: 91 86 89 54

 

23. November : Klemetsmesse, Båtsok, Klemet Saudskjær

Primstavteikn:

Anker, kyrkje.

 

Til minne om:

St. Clemens pave i Roma og forvist til krim der han blei senka i havet bunde fast til eit anker.

 

Merkedag for veret:

Er klemet mild blir vinter mild.

 

 

Gamle skikkar og overtru:

No var det båtsok og vinterstormane kunne ventast.

 

25. November : Karimesse, Karenmesse, Kari med rokken

Primstavteikn:

Kors, sverd eller eit hjul.

 

Til minne om:

Den hellige Catharina frå Alexandria som blei lagt på eit hjul med pigger og seinare halshogd (313).

 

Merkedag for veret:

Var det kulde denne dagen ville vinteren bli kald

 

 

Gamle skikkar og overtru:

Spinnetida tok no til.

Den som no ikkje hadde kornet i hus måtte svelte til jul.

 

30. November : Andresmesse, Anders fisker.

Primstavteikn:

Andreaskors eller fiskekrok

 

Til minne om:

Fiskaren og apostelen Andreas som blei nagla til eit X forma kors.

 

Merkedag for veret:

Kulde denne dagen ville gje ein kald vår.

 

 

Gamle skikkar og overtru:

No tok julefisket til.

 

Primstav

November

Primstaven i november

Januar Februar

Mars April

Mai Juni

Juli August

September Oktober

November Desember

Primstaven var tidlegare århunddrers form for kalender og tidsrekning. Den var fram til år 1700 ein juliansk kalender med skårne merker for kyrkjelege festdagar som var knytta til den katolske kyrkjas helgener. Etter reformasjonen i 1536 datt mange av helgendagane vekk og blei erstatta med teikn og symbol for dei ulike årstidene og det som skulle gjerast.

Primstaven har ei vinterside 14. oktober til 13. april og og ei sommarside 14. april til 13. oktober. Det var utskore primstavsteikn for viktige messe og helligdagar desse var og symbol for spåing av veret og ymse slags overtru, dette førte til at primstaven hadde forskjellig utforming rundt om i landet.

Kilder tekst:

Sverre Østen: Hva dagene vet.

Per Holck:Merkedager og gamle skikker