Storbåtjølet

Copyright © All Rights Reserved

STORBÅTJØLET, DEN NYE LANDINGSPLASSEN

 

 

Storbåtjølet vart gjort ferdig som ny landingsplass på Kvalheim på slutten av 1940 talet. Å komme frå Hella og ut i Jølet måtte vere som å komme til ei ny tid for bøndene på Kvalheim. Jølet er egentlig ikkje noko god havn heller, det er stort sett bare i finver at det går å bruke landingsplassen uten fare for at båten skal bli knust i soget etter bårene.

 

Aktiviteten i fjøra på Kvalheim hadde nok minka etter kvart. Mange av bygdefolket hadde fått seg arbeid på litt større båter på Raudeberg og i Måløy, det var meir penger å tene på det enn å ligge med ein seksæring på Kvalheimsvika. Det var helst dei litt eldre og ungdommane i bygda som spedde på matbudsjettet med teinefiske og anna småfiske. Laksefiske var ennå ein viktig inntektskjelde for bygdefolket og då spesielt bruka på Ytre Kvalheim som hadde dei beste lakseplassane. Med bygging av den nye havna vart det og bygd veg heilt i Jølet slik at fisk og redskap kunne køyrast med hest og kjerre.

 

 

Til hjelp ved bygginga av moloen vart det nytta eit damplokomotiv til å

transportere dei store steinane

 

Bildeeigar: Jon Skjærpe

Ei ladning går av ved bygging av vegen ned i Jølet

 

Bildeeigar: Jon Skjærpe

Desse 2 bilda er frå 1989, då gjekk det hart utover fleire båtar og naust

------------------------------------------------------------------------------------------------------

Uveiret "Dagmar herja hart med Jølet jula 2011

Har du tips, mail, send sms, eller kontakt meg

på telefon om arangemang, nyhende osv.

          

mvh

Ragnar Myre

rmyre@vivest.no tlf: 91 86 89 54

www.vivest.no

 

Pærlen med kjenneteikn SF 27 NV

i Jølet ein fin dag på 1950 talet

Stuping frå toppen på krana rett i kjeila var mandomsprøven i ein periode

Smia som vart bygd i Jølet under utbygginga.

 

Bildeeigar: Jon Skjærpe

----------------------------------------------

-----------------------------------------------

Slik kan det sjå ut nor storbåra kjem

 

Bildeeigar: Arvid Verpeidet

-------------------------------------------------