Februar

Copyright © All Rights Reserved

Februar har sitt namn etter den romerske renselsesfesten februar.

I Noreg blei februar kaldt Blidemånad.

 

I den norønne kalenderen vart perioden ifrå 13/01-11/02 kalla Torre og

perioden 12/02-13/03 blei kalla for Gjø .

 

(Er Torre mild , vil ho Gjø vera mildare og er Torre hard vil ho Gjø vera hardare.)

FEBRUAR

PRIMSTAV

vinterside 14.oktober - 13.april

Primstav vinterside

 

2.Februar, Kyndelsmesse.

Primstavteikn:

Sjuarma lysestake, Krone, Lilje.

 

Til minne om:

Til minne om Jesus som var på besøk i tempelet som 12 åring.

Denne dagen skulle alle lysa som skulle brukast i kyrkja og i heimane

vigslast for å gje beskyttelse mot alle vonde makter, sjukdom, uveir osv.

 

Merkedag for veret:

Slik veret er på kyndelsmesse skal det vare i sju veker.

 

Gamle skikkar og overtru:

 

Kyndelsmesse, sjuarma lysestake

 

3.Februar, Blåsmesse.

Primstavteikn:

Skip med segl, blåsande horn ,bispestav.

 

Til minne om:

Katolsk messedag for biskop Blasius frå Kappadokia som døyde

som martyr i år 316.

 

Merkedag for veret:

Blæs det på denne dag skal det blåse heile året.

 

Gamle skikkar og overtru:

Man skulle ikkje bruke ting som gjekk rundt på blåsemesse, det kunne føre sjukdom på folk og fe

Blåsemesse, skip med segl

5.Februar, Ågotsmesse.

Primstavteikn:

Kors eller mus.

 

Til minne om:

Til minne om den heilage Agatha frå Sicilia som blei levande

brent i år 251 og blei såleis skytshelgen mot ild.

 

Merkedag for veret:

 

 

Gamle skikkar og overtru:

Jenter måtte ikkje børste håret sitt i dag.

 

 

Ågotmesse, kors

 

22.Februar, Persok

Primstavteikn:

Nøkkel, stein, hønseegg

 

Til minne om:

St. Peters dag eller Peters stol kunne og dagen heite.

Dagen er til minne om at Peter blei overhode for den kristne kyrkje og

blei den fyrste biskop 41-67

 

Merkedag for veret:

Som veiret er i dag vil det vere i fire veker.

Dersom sola skinte så lenge denne dagen slik at man kunne rekke å sale en hest tre gongar, blei det ein heit sommar og eit godt år.

 

 

Gamle skikkar og overtru:

St Peter kasta denne dagen ein varm stein i vatnet slik at isen begynte å tine.

 

Persok, nøkkel

24.Februar, Mattismesse.

Primstavteikn:

Øks eller ein M.

 

Til minne om:

Dagen er til minne om St. Mattias som blei apostel

etter Judas Iskariot.

 

Merkedag for veret:

Er dagen kald blir veiret vamare og omvent.

Mattis bryter is, er det ingen is, så gjør han is.

 

 

Gamle skikkar og overtru:

På Mattismesse hadde ingen plikt til å hjelpe folk som var uheldige og datt gjennom isen.

 

Mattismesse, øks

Primstav

Februar

Februar

Januar Februar

Mars April

Mai Juni

Juli August

September Oktober

November Desember

Spesielle dager i februar:

 

Fastelavnssøndag : Før Fasten som varte i 46 dagar skulle man ete godt.

 

Fyrst kom "Fleskelaurdag" så "Fastelavenssøndag" og så "Bollemandag" til slutt før fasta tok til hadde man "Feitetirsdag".

 

"Askeonsdag" var starten på fasta og no skulle man ete med nøysemd, man skulle heller ikkje drive med noko som var morro og heller ikkje med ekteskapeleg samliv i fastetida.

Fiske:

Vinterfiske var viktig for fiskarbonden og under fiske var det ein del uskrevne regler som måtte haldast.

Kom det kvinner i båten måtte båten vaskast godt for å få tilbake fiskelykka.

Det skulle ikkje snakkast når man var på fiske og heller ikkje skulle man plystre.

Å spytte på agnet skulle gi fiskelykke.

Primstaven var tidlegare århunddrers form for kalender og tidsrekning. Den var fram til år 1700 ein juliansk kalender med skårne merker for kyrkjelege festdagar som var knytta til den katolske kyrkjas helgener. Etter reformasjonen i 1536 datt mange av helgendagane vekk og blei erstatta med teikn og symbol for dei ulike årstidene og det som skulle gjerast.

Primstaven har ei vinterside 14. oktober til 13. april og og ei sommarside 14. april til 13. oktober. Det var utskore primstavsteikn for viktige messe og helligdagar desse var og symbol for spåing av veret og ymse slags overtru, dette førte til at primstaven hadde forskjellig utforming rundt om i landet.

 

Kilder tekst:

Sverre Østen: Hva dagene vet.

Per Holck: Merkedagar og gamle skikkar

 

Har du tips, mail, send sms, eller kontakt

meg på telefon om arangemang, nyhende osv.

          

mvh

Ragnar Myre

www.vivest.no rmyre@vivest.no tlf: 91 86 89 54