www.vivest.no    KONTAKT        GJESTEBOK      LINKER      VÅGSØY      www.vivest.no  
      INNHOLD                                                                                           

►Kvalheim Nytt

Mehuken vindpark 1
Mehuken 1 i bilder  

Mehuken vindpark 2
Mehuken 2 i bilder

 

 


 


         Innformasjon Og Nyhende Frå Kvalheim                  
 
  MEHUKEN VINDMØLLEPARK
 I VÅGSØY KOMMUNE
Mehuken II

 

   


I 2010 vart byggetrinn 2 satt i drift, 8 nye møller var då satt opp. Desse møllene var av typen Enercon E70 som er eit tysk selskap og dei har ei navhøgde på 64 m og ein rotordiameter på 71 meter. Møllene som er blitt plasserte nord nordaust for dei gamle er på 2300 kW og dei 8 møllene kan ha ein årsproduksjon på 53 GWh.
Dette er nok energi til at samla produksjon for Mehuken I og II kan forsyne ca 3000 husstandar.
   

Til Kvalheim Kraft sine heimesider
 
          
   


Kontrakt med grunneigarane på Mehuken II vart skreve med grunneigarane i 2003 så det gjekk 6 år før det vart oppstart på anlegget. I den kontrakten låg det og eit årleg indeksregulert tilskot til Kvalheim Grendahus. I 2009 starta anleggsperioden opp med å bygge veier, reise eit servicebygg og støype fundamenter til dei nye møllene.




Anleggsperiode:

    

   



             

Sommaren 2010 ankom dei fyrste møllene med båt til Måløy, transporten vidare skjedde med spesialbiler med politieskorte.


      

Arbeidet med å røyse møllene starta umidelbart etterkvart som delane vart transportert til Mehuken. Dette var veldig veiravhengig så ved for sterk vind måtte monteringa utsettast.

    
 



Åpningsfest:

     

29.oktober 2010 var det åpning av Mehuken II. I skikkeleg vindmølleveir var det fylkesordførar Nils R Sandal som fikk æren av dette. Etterpå var det bevertning og taler i Kvalheim Grendahus.
Under ser vi tidlegare sjef i Kvalheim Kraft Bjørn Husemoen som også var tilstades på åpninga.




 



   

    

  

 
FAKTA OM VINDKRAFT

Vindkraft er ei av dei reinaste energiformer vi har. Vindmøller bruker ikkje anna råstoff enn luftas bevegele. 
All varig energi kommer frå solen. Ein hundredel av energien i solstrålinga omdannes til vind. Det er 50 gangar meir energi enn det som omdannes til plantemasse av allverdens planter gjennom fotosyntesen. 



I et vindkraftverk blir vindens bevegelsesenergi omdanna til elektrisk energi. Dei fleste moderne møllene produserer i dag energi ved vindhastighetar mellom 4 og 25 m/s. Med de vindforholda vi har i Noreg, regner vi med at antal brukstimar kan være i overkant av 3000 timer på de godt egna steda. 

                     
         
Den faktiske vindproduksjonstida er større. Brukstid er beregnett gjennom å dividere årlig produksjon på vindmøllas installerte effekt, og den angir dermed utnyttingsgraden av den installerte effekten.
Energien i vinden er proporsjonal med vindhastigheita i tredje potens. Vindforholda er derfor den viktigaste faktoren for å auke energiproduksjonen og betre økonomien i et vindkraftverk.

Ei vindmølle utnytter 25 - 35 % av vindenergien som passerer rotorarealet. Maksimal teoretisk utnytting av vindenergien er ca. 60 %.



Ei vindmølle på ein god plassering produsere i et normalt år ca 6000 timer. Det er 68%av årets timer natt og dag. I løpet av 20 år blir det ca120000 timer. Møllevingane og hovudakslingen har føretatt meir enn 200 millionar omdreinginger i møllens levetid.


Energi innhold i vind
Energien i strømmande luft, energifluksen, er gitt med uttrykket 1/2p³ (W/m²).
p = luftas tettleik (kg/m³) og v = vindhastigheita (m/s).
Luftas tettleik ved normale betingelser er 1,23 kg/m³.
Dette gir følgende verdiar:
v= 4 m/s 1/2pv³ = 39 W/m² (vindkraftverket startes)
v= 6 m/s =133 W/m² (Lett bris)
v= 8 m/s =315 W/m
v= 10 m/s =615 W/m (Frisk bris)
v= 12 m/s =1063 W/m
v= 15m/s =2076 W/m (Sterk kuling)
v= 25 m/s =9606 W/m (Full storm, vindkraftverket stoppes)   
                                                                                                                      Kilde: LNVK

       Til Kvalheim Kraft sine heimesider

                         

                                                        Alle bilder: R Myre            
Mehuken vindpark 1
Mehuken 1 i bilder  

Mehuken vindpark 2
Mehuken 2 i bilder


                               

 
































          

 



 

 

webmaster     
        Ragnar Myre            
       Telef. 91 86 89 54          
    Mail :
rmyre@vivest.no